IMS Sommarfest
Velkommen til årets store happening på Brandøy 19.-21. juni 2026. Me feirar òg at Brandøy fyller 60 år!
Brandøy er ein leirplass eigd av IMS, og ligg vakkert til ved fjorden på Bjoa i Vindafjord kommune. Her kan ein samlast i gode lokale til leir, selskap, slektstreff, forsamlingsweekend, kurs osv. Det er gode moglegheiter for bading ved kaianlegget. Her er også volleyballbanar, grusbane, trampoline, leikeplass.
Sjå våre fasilitetar Ta kontaktVelkommen til årets store happening på Brandøy 19.-21. juni 2026. Me feirar òg at Brandøy fyller 60 år!
Kvart år arrangerer me leirar for alle aldersgrupper. Sjå oversyn over leirane på Indremisjonssamskipnaden sine nettsider.
Det er behov for å fornye dei gamle hyttene på Brandøy og utvide kapasiteten litt. Brandøystyret er godt i gong med planane og vonar å få starta på tre hytter om ikkje så alt for lenge.
Kan du vere med å støtte prosjektet??
Me har eit stort og flott anlegg som eignar seg godt for møter, kurs og konferansar.
Hjå oss kan du feire både jubileum, bryllup og konfirmasjonar! Ta kontakt for eit godt tilbod.
Når me har ledig kapasitet, så tilbyr me catering. Sjå menyen vår for kva me tilbyr.
Nærområdet vårt byr på flotte moglegheiter. Sjekk ut desse perlene!
Nyt spektakulær utsikt og frisk fjelluft på ein uforgløymeleg tur.
Opplev idylliske øyar med flotte turstiar, badeplassar og fantastiske fiskemoglegheiter – perfekt for ein uforgløymeleg dag i naturen.