Kurs & konferanse

Vi leiger ut lokale og leverer tenester knytt til kurs og konferansar. Vi tilbyr matservering med alt frå vanleg lunsj til finare middagar. I matsalen er det plass til om lag 80-110 personar til bords, avhengig av type arrangement. I peisestova er det om lag 60 sitjeplassar. Møtesalen er det rommet som er mest eigna for kurs med sitjeplassar. Det er plass til om lag 90 personar i møtesalen.

Matsalen, møtesalen og stova ligg vegg i vegg med kvarandre, og det er difor god moglegheit for utviding dersom ein treng fleire plassar i eitt rom. Vi har også ein aktivitetshall som vanlegvis er umøblert, men denne kan nyttast under større kurs/konferansar og kan romme opp til 300 personar.

Uteområdet med tilgang til sjø, to volleyballbanar, ein basketballbane, fotballbane, trampoline, stor plen og mykje skog er også tilgjengeleg. Her er gode moglegheiter for å arrangera til dømes teambuilding. Gruppa må i så fall stilla med eige materiell og instruktur til dette.

Alle arrangement på Brandøy er alkoholfrie.

Ta kontakt dersom du har spørsmål eller ynskjer å booka arrangement på Brandøy!