Gje ei gåve

Det er no 30 år sidan førre renovering av internata på Brandøy. I løpet av desse 30 åra har det vore om lag 200 000 overnattingar. Dette gir stor grunn til glede! Mange har fått bli betre kjend med Jesus her gjennom desse åra. Det er flott at Brandøy blir brukt, både til leirar, bryllaup, konfirmasjonar, selskap, møte og anna.

Men mange år med bruk, har sett sitt preg. Taket på hovudbygget måtte skiftast pga. lekkasjar, og det måtte gjerast ei større innvendig renovering av internata. Fagfolk tilrådde renoveringa, og vi har sett nødvendigheita av det undervegs.

Det er vanskeleg å vita omfang av eit slikt prosjekt på førehand. Uforutsette forhold dukkar alltid opp. Mellom anna har golva på internatromma måtta blitt støypte på ny, og det har vore store roteskadar etter lekkasjar frå røyr i veggar. Totalsummen for prosjektet reknar me med kjem på nærare 4 millionar.

Vi tillèt oss difor å spørja om du kan tenkja deg å vera med på eit felles løft for Brandøy, slik at framtidige generasjonar kan få glede av plassen?

Enkeltgåver

Enkeltgåver til prosjektet kan overførast til kontonr. 3000.21.26261 eller sendast på Vippsnr. 594910.

Fast gjevarteneste og gåver med skattefrådrag

For å oppretta fast gjevarteneste eller gi gåver med skattefrådrag, går du inn på https://lokal.imf.no/imf-hk/prosjektmal/fundraising_cause/20299.

Dersom du velger månadlege trekk så trekker avtalane på den datoen du oppretta avtalen, frå og med månaden etter. Det vil seie at dersom du vil ha trekkdato den 15. kvar månad så oppretter du avtalen den 15. Treng du hjelp til å endre trekkdato så ta kontakt så hjelper me deg.