Det er no nærare 50 år sidan dagens tre hytter vart bygd på Brandøy. I løpet av desse åra har det vore mange tusen overnattingar. Dette gir stor grunn til glede! Mange har fått bli betre kjend med Jesus her gjennom desse åra. Det er flott at Brandøy blir brukt, både til leirar, bryllaup, konfirmasjonar, selskap, møte og anna. Hyttene har vore til stor nytte. Til og med som bustad for personalet i periodar.
Men mange år med bruk, har sett sitt preg. No er dei så oppbrukt at det ikkje er noko særleg igjen å vedlikehalde. Difor treng me å få bygd nye!
Brandøystyret har jobba med prosjektet ei tid og har planane klare. Reguleringsplanen vår opnar for inntil 11 hytter med BYA på 70 m2. I fyrste omgong tek me sikte på å få rive dei gamle hyttene, byggje eit reinseanlegg og tre nye hytter. Kostnadsramma på dette er om kring 8 millionar.
Vi tillèt oss difor å spørja om du kan tenkja deg å vera med på eit felles løft for Brandøy, slik at framtidige generasjonar kan få glede av plassen?
Enkeltgåver
Enkeltgåver til prosjektet kan overførast til kontonr. 3000.21.26261 eller sendast på Vippsnr. 594910.
Fast gjevarteneste via Vipps
Du kan gi fast gjennom Vipps. Merk at gåver gjennom Vipps ikkje vert registrert med skattefrådrag.
Bli fast gjevar via VippsFast gjevarteneste og gåver med skattefrådrag
For å oppretta fast gjevarteneste eller gi gåver med skattefrådrag, klikkar du på knappen under.
Dersom du velger månadlege trekk så trekker avtalane på den datoen du oppretta avtalen, frå og med månaden etter. Det vil seie at dersom du vil ha trekkdato den 15. kvar månad så oppretter du avtalen den 15. Treng du hjelp til å endre trekkdato så ta kontakt så hjelper me deg.
Bli fast gjevar med skattegrådrag