Me er på Brandøy, ja me er på leir!

Velkommen på leir

Leirane på Brandøy er det Indremisjonssamskipnaden (IMS) som arrangerer. Du finn informasjon om leirane på nettsidene deira:

Sjå oversikt over leirar

Her finn du også påmeldinggskjema til leirane. All påmelding skal skje direkte til IMS, ikkje via Brandøy. Du kan kontakta IMS på mailadressa post@indremisjonen.no eller ringa IMS på telefonnummeret 53 41 07 04 dersom du lurer på noko som har med deira leirar å gjera.

Vi håpar at du får mange kjekke opplevingar på leir! Leir er ein flott måte å bli betre kjent med Jesus, andre leirdeltakarar, leirleiarar og Brandøy på. På Brandøy kan du finna på mykje kjekt ute. Mellom anna kan du spela fotball, volleyball og basketball på banar, bada og padla – når veret og årstida passar til det – eller leika på leikeplassen. Inne har vi ein aktivitetshall som kan brukast til mykje, eller kanskje du vil slappa av litt med eit spel? Her er mange moglegheiter!

Ofte Stillte spørsmål

Leir i IMS er mange ting, men i hovudsak er leir eit midlertidig opphald saman med andre i di aldersgruppe. For oss i IMS er det viktigaste med leir at du skal få høyra om Jesus. Saman med kjekke aktivitetar, mykje sosialt og mykje god mat er leir eit par godt brukte døgn.

Alle leirane har ulike navn, aldersgrupper og leirstader. For kvar leir vil du sjå kriteria for å reisa på leiren. F.eks. vil du sjå at på Ten-helg før jul på må du gå i 8.klasse eller vera eldre. Det er også naturleg å tenkja at denne leiren gjeld for ungdom, dersom du er 46 år er nok ikkje denne leiren for deg. Nokre av leirane seier seg litt i navnet. Vil du på Damehelg tenkjer du heilt rett når du trur at denne er for damer. Mange lurar på om du må vera kristen, at du må bu på ein spesiell stad eller vera aktivt med i eit barnelag, ungdomslag eller foreining for å reisa på leir. Det treng du ikkje.

Dei fleste leirane skal vera enkle å forstå kven dei er for. Skulle du vera usikker må du gjerne spørje oss på post@indremisjonen.no eller på tlf.: 53 41 07 04.

Som du ser på dei neste sidene så finst det forskjellige leirar for ulike grupper. Nokre leirar er for barn i gitte aldrar, nokre er for spesielle interessegrupper og nokre er for alle. På indremisjonen.no finn du meir informasjon om leirane våre ei god stund før dei vert arrangert. Der finn du også lenke til leirprogram og påmelding. I leirprogrammet står alt du treng å vita om den leiren du skal på.

Du er hjarteleg velkommen på leir sjølv om du har allergi eller går på medisinar. I påmeldingsskjemaet er det viktig at ein fyller ut om ein har matallergi eller -intoleranse. Spesifiser dersom det er ein særleg alvorleg allergi. Det er også viktig at ein fyller ut om ein har ein sjukdom leiarane bør vita om, spesielt om ein går på medisinar. Treng deltakar hjelp til å huska medisinar eller oppfølging med noko, skriv det inn i påmeldingsskjema. Dersom me treng å vita noko meir så tek me
kontakt.

Program, eller leirprogram, er rett og slett informasjon du treng å veta om den leiren du skal på. I leirprogrammet står det dagsprogram med klokkeslett og kva leiren inneheld. Du finn også informasjon om kva som er lurt å ha med seg på leiren, prisar, korleis ein betalar, korleis ein kan koma seg til leirstaden og telefonnummer til leirsjef. Leirsjef er hovudleiar på leiren og er alltid tilgjengeleg. Leirprogrammet finn
du under din leir på https://indremisjonssamskipnaden.no/leirar/, og det blir også sendt ut saman med faktura i forkant av leiren.

Alle prisar finn du på midtsida i leiroversikten. På alle barne- og ungdomsleirane våre kan du søkja om økonomisk støtte dersom du slit med å betala leiren sjølv. Me ynskjer at alle skal ha moglegheit til å reisa på leir og vil strekka oss langt for å fjerna økonomi som eit eventuelt hinder.

Dette varierar frå leir til leir. Du finn spesifikk informasjon om dette i leirprogramma for kvar leir, men nokre ting gjeld for alle: Bibel, sovepose eller sengetøy, laken, handkle, toalettsaker, klede til innandørsbruk, klede til utandørsbruk, og det du elles måtte trenga for å klara deg nokre døgn heimefrå. Du treng ikkje høgtalar, nettbrett e.l. På mange av leirane våre samlar me inn telefonar i eit mobilhotell til utvalde tider i døgnet. Til foresatte er det då greitt å vita at telefonnummer til leirsjef står i leirprogrammet dersom ein ikkje får kontakt med deltakar.

Leirsjefen set opp romfordeling før leiren. Oppgi ev. ynskje i påmeldingsskjema.

Indremisjonssamskipnaden organiserer fellestransport til dei fleste leirane. Plass kan bestillast i påmeldingsskjema.

I leirprogramma står det at det vert moglegheit for å gje ei gåve/kollekt. Kollekt og gåve betyr det same, i dette tilfellet vil det seia å gje pengar til IMS og leirstaden du er på. Det er heilt frivillig å gje kollekt, og kor mykje du eventuelt vil gje, er også heilt opp til deg sjølv. Halvparten av kollekten går til den leirstaden du er på, og resten går til IMS. Alt går til leirarbeidet. For leirstaden sin del så går det til vedlikehald og
oppgraderingar av leirstaden. For IMS så går det til leirmateriell og løningar slik at me kan ha gode leiarar på leir. I nokre få tilfelle går kollekten til noko anna, dette vert det opplyst om i dei tilfella det gjeld, i program og ved sjølve innsamlinga.

Indremisjonen er indremisjonen i Noreg og kan bety både ImF og IMS, eller ein av dei andre kretsane.

Kva er ImF?

ImF står for Indremisjonsforbundet og er eit forbund av indremisjonsforeiningar og lag i heile Noreg. ImF er altså ei samanslutning av alle indremisjonskretsane i heile landet. ImF sitt motto er «Med Guds Ord til folket» og skal med dette bistå kretsane for å sjå dette skje. Dette gjer dei mellom anna med at dei driv skular, barnehagar, sender forkynnarar til bedehus og forsamlingar i kretsane, leir og bistår kretsane med f.eks. administrasjon og økonomi mm.

Kva er IMS?

IMS står for Indremisjonssamskipnaden og består av godt over hundre lag og foreiningar i Sunnhordland, Hardanger og Voss. IMS er ein av totalt 10 kretsar som er innmeldt i ImF. IMS sin visjon er: «Vi vil byggja varme, inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar». For å oppnå dette driv IMS leirstadane Helgatun og Brandøy. Me driv Framnes vgs., saman med ImF. Me har vår eigen bokhandel Sunnbok. Utanom dette har IMS tilsette som skal bistå dei foreiningane og laga som er innmeldt hjå oss. Sistnevnte gjer me gjennom å senda
forkynnarar, ha styresamlingar, ressursgruppesamlingar, konferansar og andre arrangement i kretsen.

Må eg vera innmeldt i ImF eller IMS for å delta på noko av det Indremisjonen arrangerar?

Nei, du treng ikkje vera innmeldt nokon stad for å delta på våre arrangement.
På IMS sitt årsmøte og ImF si generalforsamling må du vera utsending frå eit lokallag innmeldt i IMS for å ha tale- og røysterett. På ImF si generalforsamling kan du sjølvsagt også vera utsending frå ein av dei andre kretsane i ImF.