Utleige

Brandøy er i hovudsak driven som ein leirstad med aktivitet i helgene. Dei helgene det ikkje er leirar i regi av IMS her, vert Brandøy leigd ut til forsamlingar, bryllaup, konfirmasjonar, slektstreff og andre samlingar. Vi tek gjerne imot grupper som vil ha leirskule, kurs eller konferansar, gjerne også i vekedagar. Brandøy har eit stort bruksområde, og vert mellom anna også nytta til bursdagsfeiringar, minnesamvær og gruppereiser.

Helgene er i stor grad reservert ei stund framover, så det er lurt å ta kontakt i god tid på førehand dersom du ynskjer å leiga Brandøy i ei helg. Det er mogleg å reservera helger fem år fram i tid. Ein må betala for minimum 30 personar om ein leiger Brandøy ei helg. Vi har avlysingsgebyr for helger som vert avlyst mindre enn seks månader før helga skulle ha byrja. Sjå prislista for meir informasjon om dette!

Som regel disponerer grupper som har helgearrangement på Brandøy heile ute- og inneområdet (utanom kjøkken). Men i nokre tilfelle er det aktuelt å ta imot fleire grupper samstundes, særleg når gruppene er små.

Servering

For arrangement i helger er tre måltid per døgn inkludert i prisen. Det vil i praksis gjerne seia at ved helgearrangement vil det bli servert kveldsmåltid fredag, frukost, lunsj og middag med dessert på laurdag, frukost og middag med dessert på søndag. Ved andre typar arrangement tilpasser vi måltida. Gjestene våre må gjerne komme med forslag til meny! Dette har vi ein dialog om på førehand.

Brandøy er alkoholfritt område.

Prisliste

Gruppereiser i Vindafjord

Brandøy er ein flott plass å stoppa innom dersom ein reiser til eller gjennom Vindafjord. Brandøy ligg om lag 15 minutt køyretid frå E134 i Ølensvåg. Dersom de ynskjer å kombinera turen til Brandøy med aktivitetar og attraksjonar i området, kan de for eksempel oppleva dette:

Heilt lokalt på Bjoa er her mange flotte turmoglegheiter både på sti og grusveg. Sjå gjerne nettsidene ut.no for å finna forslag til turar i området!

For historieinteresserte kan ein ta turen til Eikås og Arquebus-støtta til minne om Sverre K. Andersen og hans trufaste teneste med radioarbeid under andre verdskrig. Sjølve Arquebus-museet  ligg i Førresfjorden, hit kan det også vera interssant å ta ein tur.

Elles i Vindafjord finn ein fleire moglegheiter for gåturar – både fjellturar av den litt meir utfordrande sorten, og den meir tilgjengelege og svært populære Olalihytta i Ølen. Olalihytta er no pussa opp og har fått tilrettelagt veg for vogner/syklar/rullestolar i sommarhalvåret, og er ypparleg for skiturar på vinteren.

I Sandeid ligg Stuhaug turisme og gardsmuseum med gamle gardsbygningar fylte med bruksgjenstandar og antikvitetar frå 1600-talet og fram til andre verdskrig. I samlinga er det over 4000 gjenstandar. Eit spennande gardsmuseum med mykje historie i veggane!

Frønsdal Aktivitetsgard i Ølensvåg tek imot grupper i alle aldrar på garden. Her kan ein ri og delta i ulike teambuildingsaktivitetar. Innhaldsrik gard med mange moglegheiter!

Elles har Vindafjord eit svært oppegåande næringsliv, og her er mange bedrifter som kan vera spennande å besøkja. Granberg Garveri i Ølensvåg tek imot grupper for omsyning i produksjonen. Her får ein på nært hald sjå Noregs største garveri innan sau- og reinsdyrskinn. Unni Marie Lien har også ei unik bedrift i Ølen ved E134: Her er det rosemaling i mange kreative variantar. Det er også mogleg å avtala hagevandring hjå Lien i hagen hennar mellom butikken/verkstaden og fjorden. Turistinformasjonen i Vindafjord er det også Lien som driv, så her han ein henta tips til andre aktivitetar og attraksjonar.