Om Brandøy

dsc_004620160413

Ute

Brandøy ligg vakkert til på Bjoa i Vindafjord kommune. Her er gode moglegheiter for bading og båtliv ved kaianlegget, her er to volleyballbanar, ein basketballbane, fotballbane, trampoline og stor plen til andre aktivitetar.

Inne

Hovudbygget på Brandøy inneheld mellom anna møtesal for om lag 90-100 personar, peisestove med om lag 60 sitjeplassar, matsal med plass til om lag 90-110 personar, hovudkjøkken og aktivitetshall på 230 kvm. Internatet ligg i hovudbygget, alle soverom og fellesareal er på eitt plan. Det er 25 rom på internatet, med 3-4 sengeplassar. Totalt er det 85 sengeplassar (i køysenger) i hovudbygget.

Hytter

Brandøy har tre hytter på området. Her er det plass til 4-5 personar i kvar hytte. Hyttene har bad, stove og enkelt utstyrt kjøkken. Hyttene kan disponerast dersom ein leiger Brandøy til arrangement med overnatting, eller privat dersom dei er ledig

IMS

Brandøy er eigd av Indremisjonssamskipnaden (IMS). IMS vart stifta i 1864, og er ein organisasjon med djupe røter i Hardanger, Sunnhordland og Voss. Visjonen til IMS er: «Vi vil byggja varme, inkluderande kristne fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar!» Vi ynskjer at Brandøy skal vera ein reiskap for nettopp denne visjonen!

IMS eig to institusjonar utanom Brandøy Misjons- og konferansesenter: Helgatun Fjellpensjonat i Myrkdalen og Framnes Kristne Vidaregåande skule i Norheimsund.

Historie

For Indremisjonssamskipnaden har det alltid vore viktig å formidla Jesus til born, unge og vaksne. Ein av måtane det lenge har vore gjort på, er ved å arrangera leirar. Lenge før Brandøy og Helgatun eksisterte, arrangerte IMS leirar. Då samlast ein gjerne til leir på skulehus rundt i bygdene. Ein rigga til på fredagen, og måtte rydda alt på plass att på søndagen. I lengda vart det slitsamt, og mange bad om ein fast samlingsplass. Som eit stort bønnesvar kom tomta «Brandøen» i gåve frå Amanda Hauge til IMS. I 1965 tok bygginga av Brandøy til, og i 1966 stod bygget klart, med fellesareal og ein internatfløy. Staden vart vigsla 21. august same år. Det heilt første heitte staden Bjoatun, men namnet etter kort tid endra til Brandøy Ungdomsheim.

Sidan har det vorte påbyggingar og store endringar på uteområdet. I 1988 vart internatet som går ut mot parkeringsplassen på baksida bygt. Den gamle internatfløyen vart oppgradert same år. Også kjøkken, inngangsparti og resepsjon vart opprusta. Denne delen vart vigsla i 1989.

I 2003/2004 vart kjøkkenet og matsalen utvida, og i 2008 kunne ein opna den nye aktivitetshallen.

I 2015 fekk Brandøy namnet «Brandøy Misjons- og konferansesenter».

Femtiårsjubileet til Brandøy var markert i 2016. Vi ser no framover og håpar at Brandøy også framover kan vera ein stad det er godt å komma til, og først og fremst ein stad der Guds Ord står i sentrum!

Her følgjer nokre bilete frå Brandøy sine første år, og vidare fram mot notida.