Frå 1.-5. juli 2026 kan du bestilla overnatting med frukost hos oss, éi natt eller fleire netter! Du kan feriera i området og reisa på dagsturar ut frå Brandøy: både Bjoa, Vindafjord, Haugalandet, Hardanger og Sunnhordland er flotte dagsturar om du vil ta deg ein tur ut frå Brandøy. Men du kan også campa dagen lang på Brandøy!
Me serverer frukost kvar dag, og du smøra nista til lunsj, kjøpa kaffimat i ettermiddagskafeen, og bestilla middag på Brandøy kl 18-19 kvar kveld!
Vi tilbyr samling med ord for dagen og fellesskap morgon og kveld, og vertskapet på Brandøy vil gjerne finna på noko kjekt saman med dei som er her på dagtid!
Alle aldersgrupper er hjarteleg velkomne! Både familiar, unge vaksne og godt vaksne, om ein reiser aleine eller saman med andre – velkommen! Her kan du låna kano, bruka volleyballbanen, hoppa på trampolina, spilla minigolf, bruka gymsalen – eller berre vera! Og ja, det er også mogleg å komma med bubilen og bu i den!
Du bestemmer sjølv om du vil bestille ei natt eller fleire netter! Avbestillingsgebyr på halv pris av rommet dersom avlysing seinare enn kl. 11 dagen før opphaldet ditt startar.
Brandøy er som alltid ein alkoholfri overnattingsstad. Gjestene har ikkje tilgang til kjøkken, men kan disponera eit felles kjøleskap i resepsjonen til nista.
Prisar per natt (inkl. frukost):
-Einerom: 800 kr
-Tomannsrom: 1000 kr
-Familierom (3-4 sengeplassar, pluss evt madrass): 1200 kr
-Mogleg å leiga sengetøy utanom
-Bubil/campingvogn/båt: 350,- pr. natt inkl. strøm
Måltid
-Flexifrukost 8.30-10.00 (inkludert i romprisen)
– Pris frukost for overnattande i bubil: 150 kr per vaksen, 90 kr per barn 4-16 år
– Niste (smører under frukosten) : 40 kr per person
– Kafé: Enkel kafé med salg av bollar, kioskvarer, is, brus og kaffi kvar dag frå 14-16.
– Enkel middag: Overnattande gjester kan bestilla dagens middag inkl. dessert. Middagsservering kl. 18-19. Pris: 150 kr vaksne, 90 kr barn 4-16 år. Barn som ikkje er fylt 4 år: gratis.
Ord for dagen
Varmt velkommen til å bli med på ord for dagen kvar føremiddag kl. 10.00! Vi samlast også igjen til fellesskap og kveldsord i peisestova kl. 20.30. Koseleg om du vil ta med litt frukt eller snacks til felles spleisebord på kvelden!
Booking
Bestilling på e-post til post@brandoy.no eller på telefon 53769881.
