Fast gjevarteneste

Vi på Brandøy ynskjer å vera med på å leggja til rette for at menneske får møta Jesus. Gjennom tenelege lokale, uteområde, aktivitetstilbod og god mat håpar vi at folk i alle aldersgrupper kan finna seg godt til rette og ha eit fint opphald her!

Det er verdfullt å få kopla av frå kvardagen og oppleva at ein får påfyll. Gjennom leirar og forsamlingshelger får born, unge og vaksne oppleva fellesskap med kvarandre og med Jesus. Fleire får bli kjent med Jesus for første gong når dei er på leir, og mange blir styrka i trua og oppmuntra til å framleis halda blikket festa på Jesus.

Hausten 2018 vart taket på store delar av Brandøy bytt ut. Våren 2019 vart totalrenovering av internatet sett i gong. Den vanlege drifta ber seg sjølv økonomisk, men desse store og naudsynte løfta er vi avhengige av gåveinntekter for å komma i mål med. Dei forutsigbare og faste inntektene er særleg viktige for Brandøy, og fast gjevarteneste er svært sentralt her.

Kan DU vera med på laget som fast gjevar? Som fast gjevar til Brandøy får du skattefrådrag.

Last ned skjema her