Brandøyhelga 2020

Har du hugsa å melde deg på årets Brandøyhelg? Hugs at det er førehandspåmelding både til middags- og dessertbuffeten og konserten laurdagen, samt til møtene på sundagen!

Laurdag 22. august ynskjer vi velkommen til middags- og dessertbuffet kl 17.30 og kl 19.30 held kvelden fram med konsert med Salmeklang. Så er det moglegheit for kaffi og drøs utover kvelden! Vi håpar mange vil overnatta på Brandøy til sundagen.

Sjølve Brandøydagen er sundag 23. august. Her vert det festmøte kl 11.00 med tale av sokneprest i Etne, Per Hjemdal, og speedleir for borna. I pausen etter stormøtet vert det sal av lapskaus, pølser, kaffi, kaker og kioskvarer, samt aktivitetar for borna. Kl 14.00 rundar vi av helga med familiemøte med Johannes Olsen.

Det er førehandspåmelding til alt denne helga, og du kan melde deg på enkelthendingar som buffet, konsert og møter. Prisane på middgas- og dessertbuffet og konsert står i påmeldingsskjema.

All påmelding skjer til IMS på denne lenka:
https://bit.ly/3hSZNez eller telefon 53 41 07 04

Velkommen til Brandøy!