Leir

160110_brandoy-4Velkommen på leir!

Leirane på Brandøy er det Indremisjonssamskipnaden (IMS) som arrangerer. Du finn informasjon om leirane på nettsidene deira: http://indremisjonssamskipnaden.no/vi-arrangerer-leir/. Her finn du også påmeldinggskjema til leirane. All påmelding skal skje direkte til IMS, ikkje via Brandøy. Du kan kontakta IMS på mailadressa post@indremisjonen.no eller ringa IMS på telefonnummeret 53 41 07 04 dersom du lurer på noko som har med deira leirar å gjera.

Vi håpar at du får mange kjekke opplevingar på leir! Leir er ein flott måte å bli betre kjent med Jesus, andre leirdeltakarar, leirleiarar og Brandøy på. På Brandøy kan du finna på mykje kjekt ute. Mellom anna kan du spela fotball, volleyball og basketball på banar, bada og padla – når veret og årstida passar til det – eller leika på leikeplassen. Inne har vi ein aktivitetshall som kan brukast til mykje, eller kanskje du vil slappa av litt med eit spel? Her er mange moglegheiter!

Matallergi og matintoleranse

Det er viktig at du gir beskjed om matallergiar og matintoleransar når du melder deg på leir. Dette skal noterast i påmeldingsskjemaet som du finn lenke til over. Påmeldingar som inneheld informasjon om matallergiar -og intoleransar må gjerast seinast ei veke før leiren byrjar. Det er veldig viktig med nøyaktig informasjon i denne samanhengen. Oppgi om det dreier seg om intoleranse, vanleg allergi eller alvorleg allergi. Oppgi gjerne konkrete matvarer som leirdeltakaren kan ete også, dersom han/ho har allergi eller intoleranse overfor ein del vanlege matvarer.